Velkommen til Eljervik
Gard
Eljervik Gard ligg i Åkrafjorden Landskapspark like ved E134 og har ein fantastisk utsikt til Langfoss, som er vår største turistattraksjon. Nyt dei vakre omgivelsane , høyr bruset frå fossen! Her er det rom for avslapning, refleksjon eller kreative aktivitetar..

På bestilling tar vi imot grupper som ønskjer eit besøk hos oss.
Vi vil gi gjestene våre ei god oppleving i naturskjønne omgivelsar, og fortel gjerne om gardshistorien og det spesielle kulturlandskapet. I Heimvik, ” kårhuset” på garden,
kan de nyte utsikten til Langfoss og fjorden like utanfor husveggen, eller ta
plass rundt langbordet og nyte god lokalmat i stemningsfulle, rustikke lokaler.
Me kan ordna flotte fjordopplevingar med fjordsightseeing eller fiske frå land eller båt. Badeplass for barn og vaksne.
Det er dyr på garden, sau og griser. Om sommaren er sauene på fjellbeite, men alelamma blir igjen på garden
og dei er alltid glade i selskap.
I området er det mange flotte turløyper.
Ein ”ToppTur” til Langfoss stølen kan anbefalast. Denne stien har i uminnelege tider vært garden sin stølsveg og er det framleis med drift av sauer til beite i fjellet. Våre lokale guidar tar dere gjerne med på tur, om de ønskjer det.
Som vertskap ønskjer vi å skapa eit triveleg opphald
og yte best mogeleg service.



Tur til Eljervik Gard - Vi skaffer båt til fjordsightseeing
på bestilling
-
Se bildeserie fra hele turen her -->>
Ønsker du/dere å bli med på denne turen? Ta kontakt med Nina Kaltwasser
Bli med oss på ein spennande oppleving!
Me drar på sjøen og får nærkontakt med fjord, fjell
og foss. Her blir det mange spennande høgdepunkt!

Mer informasjon om båtturer
finner du her
|