Velkommen Bevertning Langfoss Guiding Båt Om oss Medieomtale Kontaktinfo Linker Fotogalleri Langfoss Opp

 

Om oss

Eljervik Gard
Øystein Eljervik er 11. generasjon som driv gardsbruk på Eljervik.
Samen med Nina driv dei gardsbruk  og gardsturisme.
Garden har lange tradisjonar heilt tilbake til 1600 talet i same slekta. 
Her er 15 bygningar å ta vare på. ca. 60 da. innmark og store fjellbeiter. Eljervik er grunneigar til turistattraksjonen, Langfoss og stølsvegen går opp på innsida av fossen.  Garden ligg fantastisk til med Åkrafjordens beste utsikt til Langfoss, som er kåra til verdens flottaste fossefall.

Me tilbyr overnatting og bevertning med servering av lokalmat.
Handverksprodukt av saueull, skinn og tre.

Langfoss Kiosk
Kiosk og sanitærannlegg på rasteplass ved fossen langs E-134
Opningtider frå 1. mai til 1. september frå kl. 10.00 til 18.00 kvar dag.
Salg av ferdaminner (souvenir), handverk, lokalmat, heimebakst, kioskvarer.

Åkrafjorden Guiding
Eljervik Gard starta Åkrafjorden Guiding sommeren 2007.
Nina og andre lokale guider er tilgjengelege for guiding i området.

Saltåno Kraft AS
Eljervik Gard har eige vannkraftverk som kom i produksjon våren 2011. Kraftverket produserer strøm til videresalg og eget bruk.  Saltåno, er ein mindre foss innafor Langfoss. Dette annlegget med rein fornybar energi skal også brukast til visning for turistar. Denne utbygginga vil sikra inntekter også til kommande generasjonar, som vil driva garden og tradisjonane vidare.