Langfoss
Kiosk og sanitærannlegg på rasteplass ved fossen
langs E-134. Opningtider frå 1. mai til 1. september frå kl.
10.00 til 19.00 kvar dag. Salg av ferdaminner (souvenir), handverk,
lokalmat, heimebakst, kioskvarer.

Foto: Erik Kvalheim
Fra parkeringsplass går stølsvegen til Eljervik Gard opp langs merka sti til toppen av Langfoss, ” Varahaugen”
Ein tur i bratt og ulendt terreng, men ein flott tur for dei fleste med normalt god form. ( godt fottøy er viktig!)
Turen tar ca. 1.5 t. til topppunkt 640 mtr., men vil du gå lengre innover mot stølen, kan du fortsette opp til Vaulavatnet som ligg på ca.950 mtr.,
Derfra går det stiar langs turistforeningen sine løyper innover til Simlebu eller utover til Sandvass.
Se: www.etneturlag.no eller www.turistforeningen.no
På tur opp blir utsikten og synet av den mektige naturen overveldande og på toppen ser du utover fjord og fjell med isbreen Folgefonna som brer seg utover fjellet på andre
sia.
Vel nede igjen er du velkommen til ein forfriskning og ein matbit i kiosken!
Ønsker dere ein lokalguide med på organisert ” Topptur Langfoss” ?
Finn turen som passer for deg her
For mer informasjon
ta kontakt med Nina Kaltwasser :)

|